Om

 
 

Om kurset

Lokalhistorisk filmkurs er eit tilbod primært for 7.trinnet. I kurset skal elevane få eit innblikk i dokumentarfilmsjangeren, då dei skal lage korte filmar om eit tema frå eigen lokalhistorie. Filmteknisk-og teoretisk er målet at elevane skal få lære om kva som ligg bak produksjon av dokumentarfilm, at dei skal få lære om idéutvikling, research, intervjusituasjonar, filming og lydopptaking, og få eit innblikk i korleis redigering foregår.

Kurset går over ein skuledag. Denne dagen er det innsamling av historie, manusskriving, scanning av gamle bilete, tekstinnlesing, dramatisering/filmatisering av historien og filming på location.

Etter denne produksjonsdagen redigere Merethe filmen, og dette arbeidet tek 1-2 dagar.

«Lokalhistoriske filmkurs» er i 2018 sponsa av European Heritage Days, Kulturtanken og Kvinnherad kommune 

DSC_3035.jpg
Foto Marie Skaaluren, Copyright 2018

Foto Marie Skaaluren, Copyright 2018


Om kurshaldaren

Merethe Offerdal Tveit er utdanna innan film, både frå Nordland kunst-og filmfagskole og OsloMet. Ho arbeider som dokumentarfilmregissør og arbeidet hennar spenner vidt, frå kunstfilm til lokalhistoriske filmar.

Merethe har flytta tilbake til heimbygda Rosendal, og jobbar her med lokale filmprosjekt i tillegg til større dokumentarprosjekt med base i Oslo. 

Sidan 2011 har ho hatt ulike filmkurs på barne-og ungdomsskular på Vestlandet. Kortfilmworkshop der ein lager film frå idé til ferdig klipp, kurs i filmredigering for ungdomskulen, og no, i dokumentarfilm. Kurset «Kunsten å klippe ein kortfilm» har vore på turné med Den Kulturelle Skulesekken Hordaland sidan 2014.

Foto Marie Skaaluren, Copyright 2018

Foto Marie Skaaluren, Copyright 2018

Merethe fortel om bakgrunn og motivasjon for prosjektet at: “Eg har busett meg i heimbygda mi, Rosendal, og har dei siste åra jobba med å fortelje om historia til bygdene i Kvinnherad i film. Mykje av arbeidet mitt går ut på å lese og gjere research på historie, snakke med eldre og samle saman bilete og visuelt materiale til filmane. Eg er også den som filmar, gjer intervju, redigerer og jobbar med lyd, kort sagt, gjer det meste! 

Arbeidet med dette er gjevande på så mange plan. Det er uendelig mange minner og historiar som ikkje er nerskrive, viktig dokumentasjon på fortida vår. Og arbeidet med å samle nokre av desse minnene og historiane kjennes verdifullt.”

Stillbilete frå filmen til Omvikdalen skule, foto Merethe Offerdal Tveit

Stillbilete frå filmen til Omvikdalen skule, foto Merethe Offerdal Tveit