Uskedalen skule
Tittel: Gamleskulen på Haugland
År: 2018
Lengde: 19:06
Haugland skule står akkurat slik som den gjorde før nedlegginga på 60-talet. I denne sjarmerande filmen er vi tilbake til ein heilt vanleg skuledag på den tida.
Tittel: Butikken i Uskedalen i 4 generasjonar
År: 2019
Lengde: 10:38
Daglegvarebutikken i Uskedalen blir i dag drive av 4. generasjon. Hjørdis Nilsen Holgersen fortel om då bestefar hennar starta opp på 1880-talet og historia fram til då døtrene og svigerdottera overtok på 1990-talet.
Tittel: Gamleskulen i bygda
År: 2021
Lengde: 14:19
Bjørgulv Eik fortel om skulekvardagen på gamleskulen, og Thor Inge Døssland kan fortelja om ein kjekk overgong til ny og moderne skule. Artige minner kjem som perler på ei snor.
Tittel: Festidalen
År: 2025
Lengde: 08:11
Daidalos Dahle og Magne Huglen fortel om korleis Festidalen kom til, og har utvikla seg, frå den spede byrjing i 2003 fram til i dag.
Tittel: Phaka´s Thaimat
År: 2025
Lengde: 11:25
Phakapun Intagaew har drive Thaivogna i Uskeldaen sidan 2021. Ho fortel om kvifor ho starta opp med Thaimat i Uskedalen, og korleis ho gjekk frå å vere professor på Univeritetet i Bangkok til å drive eigen business i Noreg. Dessutan lærer ho elevane å lage steikt ris!